Stavanger Bordtennisklubb

Stavanger Bordtennisklubb

Informasjon om treningstilbudet for vårsesongen - Trenar på tysdagar

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 20. Jan 2016

Hei!

Ragnar Leffmann frå Randaberg Bordtennisklubb vil vera trenar på tysdagstreningane i vår. Så det er bra om dei yngste og andre nybyrjarar kjem på trening den dagen.

Dei andre dagane vil tilbodet vera som i siste del av haustsesongen:

-Hallen vil vera open i treningstidene, og bord og utstyr vil vera der for medlemmene som før.
-Det vil ikkje bli organisert trening, medlemmene må organisera seg sjølve.
-Ein person frå styret vil alltid vera på trening og kunna svara på spørsmål, registrera medlemmer o.l.
-Dei som er under ein viss alder (grensa er sett til 13 år/ungomsskuleelevar) må vera med nokon som er gamle nok (andre medlemmer eller foreldre) på trening.

Me håpar å få tak i fleire trenarar snart, kanskje det er nokon av medlemmene som kan ta på seg dette? Det går an å gå på trenarkurs i vår dersom det er interesse for det.

Ta kontakt om du er interessert!


Helsing Styret i SBTK
v/Roald
Tlf 966 21 933

E-post: styret@sbtk.org




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc