Stavanger Bordtennisklubb

Stavanger Bordtennisklubb

2014 - 2015-sesongen er over, sesongavslutning 16. juni kl 19:00

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 31. Mai 2015


Til alle medlemmer,

det blir ikkje fleire treningar i 2014-15-sesongen. Me håpar å starta opp att med ei trening i veka i Expo-hallen frå midten av juli, og så vanlege treningstider i Stavanger Indrettshall frå skulestart i august.

Det blir sesongavslutning på Hanssons Minde tysdag 16. juni kl 19, så sett av denne tida!

Hanssons Minde ligg rett nedanfor Stavanger Idrettshall og bygget ser slik ut:


Me skal vera i første etasje til høgre. Rommet i Hanssons Minde er me så heldige å få låna av Idrettsrådet.

Det blir oppsummering av denne sesongen, litt om neste sesong pluss pizza og brus.

Påmelding til styret@sbtk.org innan 14 juni.

Helsing Roald



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc