Stavanger Bordtennisklubb

Stavanger Bordtennisklubb

God Påske

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 9. Apr 2017

Mandag 10 april. - tirsdag 11 april. er det full trening, så det er bare å komme å spille bordtennis.
Påsken 2017 ligger i UKE 15, mandag 10. - søndag 16. april 2017
Helligdager i påsken 2017

Torsdag 13. april: Skjærtorsdag – Stengt Stavanger Idrettshall
Mandag 17. april (uke 16): Andre påskedag - Stengt Stavanger Idrettshall



Viktig: Informasjon om treningstilbudet for resten av haustsesongen

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 9. Sep 2015





Viktig informasjon til alle aktive medlemmer i Stavanger Bordtennisklubb:

Som mange av dykk veit så skal Radek, trenaren vår for yngre/nybegynnarar flytta til England for å studera. Han flyttar alt komande veke.
Me har ikkje fått tak i nokon ny trenar, og dette får dessverre følgjer for tilbudet som klubben kan gje til den gruppa som Radek har teke seg av:

-Hallen vil vera open i treningstidene, og bord og utstyr vil vera der for medlemmene som før.
-Det vil ikkje bli organisert trening, medlemmene må organisera seg sjølve.
-Ein person frå styret vil alltid vera på trening og kunna svara på spørsmål, registrera medlemmer o.l.
-Dei som er under ein viss alder (grensa er sett til 13 år/ungomsskuleelevar) må vera med nokon som er gamle nok (andre medlemmer eller foreldre) på trening.



Me håpar å få tak i ein trenar snart, kanskje det er nokon av medlemmene som kan ta på seg dette? Ta i så fall kontakt!

Helsing Styret i SBTK
v/Roald
e-post:

styret_at_sbtk.org



2014 - 2015-sesongen er over, sesongavslutning 16. juni kl 19:00

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 31. Mai 2015


Til alle medlemmer,

det blir ikkje fleire treningar i 2014-15-sesongen. Me håpar å starta opp att med ei trening i veka i Expo-hallen frå midten av juli, og så vanlege treningstider i Stavanger Indrettshall frå skulestart i august.

Det blir sesongavslutning på Hanssons Minde tysdag 16. juni kl 19, så sett av denne tida!

Hanssons Minde ligg rett nedanfor Stavanger Idrettshall og bygget ser slik ut:


Me skal vera i første etasje til høgre. Rommet i Hanssons Minde er me så heldige å få låna av Idrettsrådet.

Det blir oppsummering av denne sesongen, litt om neste sesong pluss pizza og brus.

Påmelding til styret@sbtk.org innan 14 juni.

Helsing Roald


Treningstid 25-31 mai, merk tidspunkt!

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 9. Mai 2015

Me har dessverre ikkje fått ordna faste treningstider fram til sommaren, dette er det som gjeld for denne veka:

Torsdag 28.mai kl. 16-18 hall D


Helsing Roald




Innkalling til årsmøte i Stavanger Bordtennisklubb den 13 april

Postet av Stavanger Bordtennisklubb den 5. Apr 2015

Årsmøtet i Stavanger Bordtennisklubb blir måndag 13. april klokka 19:00 i møterom 2 (innanfor inngangen lengst til venstre) i Stavanger Idrettshall.

Alle medlemmer har møte og talerett, Medlemmer over 15 år har stemmerett.

Saker til årsmøtet må sendast til styret via e-post til styret@sbtk.org innan måndag 6. april.

Helsing Roald


Powered by: Bloc